Jill

Sommarskule 2019

24. juni – 5. juli 2019


Tilbod i Bergen, Knarvik og Stord

Sommarskulen er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune og Røde kors. I år vil sommarskulen bli arrangert i tida frå måndag 24. juni til fredag 5. juli, alle kvardagar frå kl. 8.30-14.00  Gratis frukost og lunsj kvar dag.
Vi tilbyr i år følgjande kurs:
1. Matematikk med eksamen 5.juli - for elevar og lærlingar i yrkesretta opplæring:
Tilbod i Bergen, Knarvik, og Stord. For elevar med 1 i standpunkt eller til eksamen frå vg1, og til lærlingar som manglar godkjend eksamen i matematikk MAT 1001 PY frå vg1. Elevar som har «Ikkje vurdert» (IV) i faget, må ta eksamen som privatist på vanleg måte i haust, men kan følgje undervisninga ved sommarskulen for å vere betre førebudd til eksamen.
2. Matematikk utan eksamen - for elevar i studiespesialiserande opplæring:
Tilbod i Bergen. Du kan ikkje ta eksamen i matematikk for studiespesialiserande ved sommarskulen, men vil gjennom kurset bli betre rusta i faget og få betre mattekunnskapar.
3. Norsk i Bergen - for elevar med kort butid i landet:
Kurset egnar seg for minoritetsspråklege elevar med kort butid i landet, og blir arrangert i Bergen på Amalie Skram vgs. Dette er eit tilbod for dei som går i vidaregåande offentlege skular, eller som skal starte i vidaregåande skule hausten 2019.
Fakta om sommarskulen:
• Overnatting. Deltakarar til matematikk yrkesfag som har for lang reiseveg til Bergen og Stord, kan melde seg på sommarskulen i Knarvik. Der kan ein overnatte gratis i hytter alle kursdagane og reise heim i helga fredag 28. – søndag 30. juni.
• Sommarskulen er gratis!
• Tilbod berre til elevar i offentleg vidaregåande opplæring, og til lærlingar i Hordaland.
• Eksamen i yrkesretta matematikk vert arrangert siste kursdag den fredag 5. juli.
• Du får frukost og lunsj kvar dag.
• Lærarar frå Hordaland fylkeskommune vil vere ansvarlege for undervisninga, med støtte frå friviljuge frå Røde Kors.
• Du kan berre velje eit kurs.
Meir informasjon og påmelding: www.hordaland.no/sommarskulen.