Hildegunn

Om OT/PPT

"Engasjert, kompetent og framtidsretta"OT/PPT har eit team av oppfølgingskoordinatorar, spesialpedagogar og psykologar som arbeider for å tilpasse og legge til rette for at flest mogeleg fullfører vidaregåande opplæring.  Dette kan vi hjelpe med:• Elev, lærling og lærekandidat• Læringsmiljø• Sakkunnig vurdering• Spørsmål og svar Elev, lærling og lærekandidatOT/PPT skal Medverke til at elevar, lærlingar og lærekandidatar får utbyte av opplæringa og ikkje vert hindra av personlege, sosiale eller andre vanskar. Medverke til at elevar, lærlingar og lærekandidatar med funksjonshemmingar får utbyte av vidaregåande opplæring, gjennom tilrettelegging på individ-, gruppe- og systemnivå. Tilby rådgjevingssamtalar individuelt eller i grupper. LæringsmiljøOT/PPT skal• Medvirke til at elevar, lærlingar og lærekandidatar får eit godt læringsmiljø• Hjelpe skolen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å legge opplæringa betre tillrette for ungdommar med særlege behov• Delta i ressursteam• Delta i skolane sine interne utviklingsprosjekt• Etablere kontakt og samarbeid med andre etatar• Arbeide med å førebygge fråfall i vidaregåande opplæring• Stadig utvikle eigen fagkunnskap Sakkunnig vurderingFør fylkeskommunen gjer vedtak om spesialundervisning eller vedtak om spesialpedagogisk hjelp, skal det ligge føre ei sakkunnig vurdering av dei særlege behova til eleven. Dette er heimla i Opplæringslova § 5-3.OT/PPT er óg sakkunnig instans:• ved inntak til skoleplass på særskilte vilkår• ved alternative utdanningsløp• i samband med tilrettelegging av eksamen/fagprøve