Jarle

Oppmelding til privatisteksamen Sunnhordland

sunnh_akthaugalandet_pasv

Oppmelding til privatisteksamen Sunnhordland

I løpet av læretida må alle lærlingane i Elektrikerfaget ta ein tverrfagleg VG3 eksamen. Lærlingen er då rekna som privatist og må sjølv melde seg til eksamen. Fristen for oppmelding til privatisteksamen er:

01. februar - for eksamen som vert avvikla i mai
15. september - for eksamen som vert avvikla i november

Oppmelding til eksamen må ein gjere på Hordaland fylkeskommune sine nettsider:
www.hordaland.no/privatist

Ein kjem då til ei nettside som har overskrifta Privatist. Midt på sida under ” Anna viktig informasjon” finn du ” Mi side her” som står med raud skrift. Klikk på den raude skrifta og du får opp eit nytt vindauge:

privatist1

I rullegardina midt på vindauget vel du Hordaland fylkeskommune og vil komme til dette vindauget:

privatist2

Her kan du anten logge på eller bli ny bruker. Denne sida er stengt mellom 02. februar og 15. august. Når du registrerer deg må du hugse å merke av for at du er lærling. Dersom du gløymer det må du betale kr. 378,- elles vert oppmeldinga di stroke.

Eksamen lærlingane skal melde seg til heiter:

Elektrikerfaget: ELE3002

Energimontørfaget: EMO3002

Telekommunikasjosmontørfaget:TEL3002
Du må hugse å velje eksamensstad.

Skulle det dukke opp problem med oppmeldinga må du gjerne kontakte meg så skal me få det til i fellesskap.


Jill Thunem, Tlf: 480 62 478